LÅNERETT Alle som bur i landet har rett til gratis lån av bøker og anna materiale som Midt-Telemark bibliotek har til utlån. Brot på lånereglane kan føre til tap av lånerett. LÅNEKORT Alle som skal låne bøker må ha lånekort. Det blir kravd legitimasjon for å få lånekort. Institusjonar blir registrert på namnet til institusjonen samt ein ansvarsperson. Lånekortet skal takast med ved lån. Adresseendring eller tap av lånekort må meldas til biblioteket. Ved tap av lånekort, kan eit nytt skrivast ut mot gebyr. LÅNETID Bøker, tidsskrift, lydbøker 4 veker Filmar (DVD) 1 veke Språkkurs 8 veker Musikk (CD) 4 veker Eit lån kan normalt fornyast inntil 3 gonger dersom materialet ikkje er reservert for andre. Fornying kan skje ved besøk på biblioteket, over telefon, e-post eller via internett www.mtbib.no eller appen «Bibliofil». RESERVERING Utlånt materiale kan reserverast. Lånaren får melding når det har kome inn og kan hentast. LÅN FRÅ ANDRE BIBLIOTEK Biblioteket kan skaffe bøker og anna materiale frå andre bibliotek. Med nasjonalt lånekort kan lånarar sjølv bestille bøker frå andre bibliotek for henting på Midt-Telemark bibliotek. For slike lån gjeld reglane til eigarbiblioteket. ANSVAR Lånaren er ansvarleg for alt som blir lånt på lånekortet og må levere det tilbake innan fastsett innleveringsfrist. Purregebyr for materiale som blir levert for seint og tapt eller øydelagt materiale må erstattas etter reglar og satsar som gjeld til ei kvar tid. Manglande betaling av purregebyr/ erstatningskrav kan føre til tap av lånerett. Biblioteket er ikkje ansvarleg for skader som kan oppstå på teknisk utstyr hjå lånaren ved bruk av lånt materiale, til dømes dvd og cd. Midt-Telemark bibliotek, 3800 Bø i Telemark - Tlf. 35 05 92 40 www.mtbib.no